Til slutt valgte Kvinnheringen å skrive om saken, de valgte da å KUN ta aktors betraktinger med i denne meget ensidige artikkelen som fremstiller Sigmund som en kriminell!

”Ein mann frå Kvinnherad er i dansk rett dømt til fire månadar fengsel utan vilkår, og har fått innreiseforbod til Danmark i seks år, samt forbod mot å køyra bil ut året.”

– Han er dømt for med forsett å ha sett polititenestemenn sine liv i fare. Det var etter han tidlegare i haust ikkje stoppa opp ved grensekontrollen på Rødby, men køyrde vidare i ein fart på mellom 100-130 kilometer i timen. Så blokkerte han bremsene slik at politiet blei nøydd til å naudbremsa. Han forsøkte sidan å køyra vidare, men blei stoppa på motorvegen, fortel anklagar Jens Ole Jensen ved Anklagemyndigheden i Danmark til Kvinnheringen.

Han held fram med at mannen har vore varetektsfengsla sidan 15. september, og at denne tida motsvarer fengselsdommen han er dømt til.

– Han vil elles bli halden varetektsfengsla til han blir sendt tilbake til Norge. Når dette skal skje, har eg ikkje kontroll på, seier Jensen.

Den straffedømte mannen har fått oppnemnt ein advokat, Torben Groth Madsen ved byrået Advodan Lolland-Falster. Madsen stadfestar at dommen er avsagt, og legg til at mannen har fått konfiskert bilen sin.

Madsen seier at klienten hans blir sitjande i fengsel i Danmark fram til overføring til Norge.

– Mannen har ikkje pass, så det danske politiet tar no kontakt med norsk politi for å forsøka å få han overført til Norge, seier han, og legg til at dei norske styresmaktene kan lauslata han når han kjem til Norge.

– Vil mannen godta dommen?

– Han var ikkje til stades i rettsmøtet, så han får dommen lesen opp i fengsel. Då må han ta stilling til om han vil anka eller ikkje. Ankar han, må saka vidare i systemet, og då må han bli sitjande lenger. Godtar han dommen, reknar ein med at overføringa til Norge kan skje i løpet av ei til to veker, seier Madsen.

Unngå sensur. Meld meg på nyhetsbrev og få e-post maks 1 gang per uke om nye innlegg/nyheter!

Vi spammer ikke! Les personvernerklæring for mer info.

🤞 Meld meg på Nyhetsbrev

Vi spammer ikke! Les personvernerklæring for mer info.